Jade

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om bergarten. For elva med same namn, sjå elva Jade.
Eit stykke uhandsama grøn jade frå Kina med innslag av brun/oransje jade i hjørnet.

Jade er ein sjeldan, vakker, svakt gjennomskineleg og oftast grøn bergart. Han består hovudsakleg av ante nefritt, eit amfibolmineral, eller av jadeitt, ein pyroksen. Begge minerala opptrer i særs fine trådar eller fibrar, som gjer at dei filtrar seg inn i kvarandre og gjer bergarten særs hard og seig.

Jade finst hovudsakleg i Kina, Burma og Mellom-Amerika. Han vart før nytta til våpen, men no passar han godt som smykkestein og finst i mange fargar. Det vanlegaste er grøne og oransje variantar, men det finst òg kvite, gule, raude og blå variantar.

«Jadekålen» i Det nasjonale palassmuseum i Taipei. «Kålen» er eit stykke jade tilskore som eit kvitkålhovud med to insekt på. Utnyttinga av dei naturlege fargevariasjonane i jaden er med på å gjere dette til eit meisterverk.

Den eigentlege jaden er ein hard og seig bergart og blir brukt til pyntegjenstandar og skulpturar. Det at han er så seig, gjer han spesielt godt eigna til utskjering. Særleg i Kina er jade populært. Jade er ikkje spesielt kostbart, men er samstundes ein ven smykkestein.

Ein har funne mange kunstgjenstandar i jade frå gamle kulturar, særleg i Kina, India og i Mayariket.

Namnet jade kjem frå det spanske [piedra dei] ijada, som er belagt tidleg på 1500-talet. Orda tyder «(stein av) flanken» og har samanheng med førestillinga om at jade kunne lækje nyrekolikk.[1] Men namnet liknar òg litt på det kinesiske 玉 - pinyin: , og sidan det er i Kina jadekunsten står sterkast, blir jade no særleg knytt til det kinesiske omgrepet. Opp gjennom kinesisk historie og i kinesisk kunsthistorie har ein likevel ikkje alltid halde seg presist i språkbruken. Det finst difor døme på kunstgjenstandar av ven stein som vert omtalt som jade, men utan at det eigentleg er jade.

Mellom anna i den kinesiske byen Aksu vert drive med jadeutskjering i dag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«jade» av Gunnar Raade i Store norske leksikon, snl.no.